USF VERFTET
Hjem > Nyheter > NATTJAZZBILLETTER I SALG NÅ

NATTJAZZBILLETTER I SALG NÅ

Nattjazzprogrammet tar form. På selveste åpningsdagen onsdag 25 mai spiller Joshua Redman James Farm, Jenny Hval og Scorch Trio og flere. Noen dager etter spiller Charlie Haden og Al di Meola! Festivalpass, helgepass og dagspass i salg nå.

Følg med på Nattjazz sine nettsider for oppdatert program.

Onsdag 25 mai:
JAMES FARM + KAKKMADDAFAKKA + SCORCH TRIO FEAT MARS WILLIAMS + JENNY HVAL + MATS EILERTSEN TRIO
JOSHUA REDMAN
er mellom dei framste og mest karismatiske jazzartistane i moderne tid. Som son av jazzlegenda Dewey Redman står musikken nært og etter ein omveg innom jusstudier fann han seg raskt til rette som sidemann med mellom anna Pat Metheny. Saksofonisten har gitt ut ei rekkje kritikarroste album, og er i dag ein meget anerkjent bandleder med røynsle frå flere trioar og kvartettar i eige nann. Han har gjesta Noreg fleire gonger og har mellom anna samarbeida med Bugge Wesseltoft og Trondheim Jazzorkester, forutan å ha vore Artist in Residence på Moldejazz i 2006. Til Nattjazz kjem han med heilt nytt band.
Høresmakebiter her: www.myspace.com/joshuaredmanofficial
Les om de øvrige artistene denne kvelden.

Torsdag 26 mai:
AL DI MEOLA WORLD SINFONIA + CHARLIE HADEN QUARTET WEST - SIDSEL ENDRESEN & STIAN WESTRHUS DUO + TIGRAN HAMASYAN + TBA
TIGRAN HAMASYAN - Allereie som toåring viste Tigran ei ekstraordinær interesse for musikk, og var meir opptatt av pianoet og bandspelaren enn av vanlege leikar. Då han var tre spelte han etter Led Zeppelin-låter og som sjuåring oppdaga han jazzen. Tigran er ein uvanleg begava pianist som er like inderleg og kreativ som han er vituos. Å sjå han spele piano er som å observera ei naturkraft, og han kan røra deg med vakre melodier, men også få deg til å mista pusten med ekstremt teknisk krevande musikk.

http://www.tigranhamasyan.com/
http://www.myspace.com/tigranhamasyan

Les om de øvrige artistene denne kvelden


Fredag 27 mai:
KOENIGSBERG + BERNHOFT + VOJTECH PROCHAZKA TRIO + CAKEWALK + TBA

VOJTECH PROCHAZKA
Trio har konstruert eit friskt og unikt lydbilete, sjølv om dei stiller med ein tradisjonell pianotrio. Med preparerte instrument skapar dei eit musikalsk landskap med komplekse lyder. Musikken er i hovudsak improvisert, men repertoaret inneheld også originale komposisjonar som plutseleg dukkar opp. Bandet bestemmer seg ikkje for kva dei skal spele før konserten, men lar musikken utfolde seg sjølv. Dei siste åra har trioen turnert over heile Europa og i 2010 slapp dei debutalbumet "Amoeba's Dance."
http://www.myspace.com/vojtechprochazka

Les om de øvrige artistene denne kvelden


Lørdag 28 mai:
FARMERS MARKET + ARVE HENRIKSEN TRIO + DIE ENTTAUSCHUNG + MEDERIC COLLIGNON 'JUS DE BOCSE + SASQUATCH + HEDVIG MOLLESTAD TRIO

Musikken til ARVE HENRIKSEN er prega av leik og forvitenskap, samt ein stor dose humoristisk sans. Han er ein sann improvisatør og kan – enten det er nysing eller stolskraping blant publikum - midt i ein konsert bli inspirert til å føra musikken sin i nye retningar. Trompetlyden er lyrisk og vakker, men han går ikkje av vegen for å leika med konvensjonane her også, og kan gjerne spela instrumentet med saksofonmunnstykke eller utan munnstykke i det heile. Han har fleire plater ute under eige namn og ikkje minst saman med Supersilent. Denne kvelden blir han tett flankert av to av landets finaste perkusjonistar, Audun Kleive og Helge Norbakken.
www.arvehenriksen.no

HEDVIG MOLLESTAD TRIO  speler i hovudsak eigenkomponert materiale, flankert av musikk frå jazzhistorien med ein eigen twist. Sjangersjongleringa tar bandet innom progrock frå 70-talet i tillegg til element av friare improvisasjon. Hedvig Mollestad fekk prisen for Årets Jazztalent under Moldejazz i 2009 og danna denne trioen som eit resultat av dette. Klassekampen skreiv: "Til dømes var det mykje artigare å høyra elgitaristen Hedvig Mollestad Thomassen fra Ålesund gje jernet i debutkonserten med sin eigen dyktige trio enn å høyra Jeff Beck gjennomføra ein rutinejobb."
http://www.myspace.com/hedvigmollestadtrio
Les om de øvrige artistene denne kvelden

Søndag 29 mai:
JON EBERSON GROUP + SUSANNE WALLUMRØD SYNGER GUNVOR HOFMO + TBA
JON EBERSON GROUP Bandet hadde gjennombrot i med plata Jive Talking som kom ut for 30 år sidan. Frå då til no har gruppa romma fleire av Noregs mest kjende musikarar, som til dømes Sidsel Endresen og Bugge Wesseltoft. Dei har mottatt to Spellemenn.
I 2011-versjonen er musiikken komponert av Jon Eberson, tekstane av Hilde Marie Kjersem og bandet representerar noko av det ypperste av klassisk, melodiøs vokaljazz, med eit breitt spenn frå jazzrock til lavmælte ballader.
http://www.jonebersongroup.no/

Les mer om de øvrige artistene denne kvelden


Mandag 30 mai: TBA

Tirsdag 31 mai:
MARYLAND + TBA
MARIA KANNEGAARD
er ei av våre fremste pianistar, med ein distinkt stil og ein utruleg sterk musikalsk personlegdom. Ho har mellom anna vist seg fram med eigen trio, med Eldbjørg Raknes og Live Maria Roggen, forutan å komponera for Trondheim Jazzorkester. Med stillferdig ettertanke, lada intensitet og vulkanske utbrot kler ho rolla som både utøvar og spanande komponist med sans for melodiar. Bandet integrerar improvisasjon og komposisjon med tett samspel og enorm musikalitet. Ver budd på ekspressiv, lyrisk og dramatisk musikk, spelt med hjarte og hjerne.
Les mer om de øvrige artistene denne kvelden

Onsdag 01 juni:
STEINAR RAKNES' TANGOS, BALLADS AND MORE + UKANDANZ + MAGNUS BROO + TBA

Mellom ethiogroove og moderne musikk kjem musikkhybriden UKANDANZ med intense, kraftfulle og lyriske låter, samansatt av energien frå rock, improvisasjon frå jazz og ei etiopisk sjel. Asnake Guebreyes kjem frå den eksplosive musikkscena i Addis Abeba der han har jobba med tradisjonelle vokal- og trommestiler. Han er med på samleplata Ethiopiques vol.18, og kan også høyrast i samarbeid med Han Bennik. Musikarane møtest med eit ønske og vilje til å kryssa musikalske grenser, samstundes som dei opprettheldt sin eigen musikalske identitet.
http://www.myspace.com/ukandanz

Les mer om de øvrige artistene denne kvelden

Torsdag 02 juni:
THE BRAZZ BROTHERS MED POVL DISSING OG BENNY ANDERSEN + KYLE EASTWOOD + TEAM HEGDAL + TBA

THE BRAZZ BROTHERS MED POVL DISSING OG BENNY ANDERSEN
"Dans med Rosalina" - norske brassere med danske legender

.

Ensemblet turnerte saman i Danmark første gong i 2003. Frå første dag vart det ein kjempesuksess og dei har spelt for fulle hus sidan.Konserten er tileigna Benny Andersen si avdøde hustru med mellomnamnet Rosalina. Utgangspunktet er Andersen sine dikt til Rosalina, som er blant den danske litteratur- og songskatt sine smukkaste kjærleikserklæringar. Dei blir songe med Povl Dissing sin særlege varme, inderleggjering og humor, tett flankert av Benny Andersen sine kåseri, opplesingar og pianospel med djubde, alvor og nærleik. Alt dette medan messingblåsarensemblet The Brazz Brothers leikar, hopper, fryder og sjarmerer seg gjennom konserten med Danmark sin mest folkekjære og hjartenære duo.
Les om de øvrige artistene denne kvelden


Fredag 03 juni: DIGITAL PRIMITIVES + JERRY BERGONZI NORWEGIAN QUARTET + TORTOISE + CORTEX + MOE

Chicago-baserte TORTOISE er et av USAs mest innflytelsesrike musikkollektiv. Bandet skapte en revolusjon i amerikansk alternativ rock på 1990-tallet, og har vært en sentral drivkraft på USAs postrockscene i over 15 år. Tortoise leverer alltid live, og blir et sikkert høydepunkt på Nattjazz 2011. Her er en Tortoise-låt fra noen år tilbake på Youtube.
Les om de øvrige artistene denne kvelden

Lørdag 04 juni: AVAILABLE JELLY + SALIF KEITA + SCENT OF SOUL + BUSHMANS REVENGE + TBA

Kong Keita – den gyldne røysta frå Mali. Mali har produsert superstjerner som Mory Kante og Oumou Sangaré, men størst av dei alle er SALIF KEITA. Bakgrunnen er fantastisk: født inn i ein royal familie, utstøtt på grunn av albinisme og oppdaga som einsleg songar på gata i Bamako. Tidleg på 1980 talet flytta Keita til Paris og gjekk solo, men han førte vidare fusjonsmusikken han hadde utvikla.  I 1987 spela Keita inn “Soro”, det kommersielle gjennombrotet som vann tilhøyrarar over heile verda. Det britiske magasinet Songlines kåra denne innspelinga til den beste verdsmusikkplata gjennom tidene. For ein heil generasjon av lyttarar var “Soro” framfor noko anna, det albumet som introduserte dei for verdsmusikk.
Med base i Paris har han mellom anna samarbeida med Wayne Shorter og Carlos Santana. Gullstrupen frå Mali kombinerer afrikanske element med soul, og få andre har klart å formidle afrika si smerte og stoltheit med slik eleganse og truverde.
Høyr musikken her: www.myspace.com/salifkeitamusic
Les om de øvrige artistene denne kvelden


Billetter i salg på www.billettservice.no. Perfekt som gave til en musikkelsker, eller til deg selv!
Billetter kan også kjøpes på Billettservice sine utsalgsteder, som f.eks. Narvesen, Postkontor eller Apollon Platebutikk i Nygårdsgaten.

Se også Nattjazz sine nettsider.


Opprettet: 28/3-2011

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon