USF VERFTET
Hjem > Nyheter > IKKE BARE HELGEJAZZ - NÅ OGSÅ UKEJAZZ - GRATIS!

IKKE BARE HELGEJAZZ - NÅ OGSÅ UKEJAZZ - GRATIS!

Pocket Corner fra Stavanger med gratiskonsert torsdag 3. mars
Pocket Corner fra Stavanger med gratiskonsert torsdag 3. mars

Det er fredag og jazzdag - Dag Arnesen Trio med Palle Mikkelborg spiller i Sardinen USF i kveld. Men neste uke blir det både torsdags- og fredagsjazzklubb. Bergen Jazzforum er travle denne våren, og programmet fortjener oppmerksomhet. Her er noe for både impro-nerder og trad-elskere, for ikke å snakke om alt som er i landskapet mellom de ytterpunktene.






JAZZKLUBB FREDAG 25. FEBRUAR - KR. 220 / 160

Bergensar Dag Arnesen er veteranmusikaren som har funne ein eleksir som heldt musikken han spelar ung og forfriskande sjølv etter fleire tiår som musikar. Fredag 25 februar spiller han konsert i Sardinen USF, med legenden Palle Mikkelborg som en del av trioen.
Dei siste åra har Arnesen jobba mykje med norske folketonar, urnorske, med framføringar som er både tidlause og vakre - det er ikkje tilfeldig at Arnesens prosjekt har hausta mang ein samanlikning med Jan Johansson sin Jazz På Svenska. Pianisten og hans makkere spelar musikk med respektfulle - men også spanande - tolkninger av norsk tradisjonsmusikk. Smått legendariske Palle Mikkelborg er kjend for samarbeid med mellom anna Miles Davis og NHØP.

Dag Arnesen - flygel 
Palle Mikkelborg - trompet, flygelhorn 
Ellen Andrea Wang - bass 
Pål Thowsen - trommer
http://www.mulemusic.no/dag/1.html

JAZZKLUBB TORSDAG 3. MARS. NB: GRATIS ADGANG
POCKET CORNER: Trompetist Didrik Ingvaldsen har vore ein del av den Stavangerske jazzscena i lang tid. Etter å ha spelt mykje med Frode Gjerstad er det først og fremst med Pocket Corner han har vore høyrd. Pocket Corner finn seg mellom det komponerte og improviserte, frå harde groover til opne og luftige parti.
Både Ornette Coleman og John Zorn Masada kan vera referansepunkt. "Om du til nå har hatt et trøblete forhold til frijazzen, er Pocket Corner bandet som sannsynligvis vil få deg til å sjekke terrenget en gang til." (Jazznytt)
http://didrikingvaldsen.no/
http://www.myspace.com/pocketcorner

JAZZKLUBB FREDAG 4. MARS, NB: DOBBELTKONSERT KR: 180 / 120.
OSGOOD / SKARBØ: 
Ellevilt og uforutsigbart, morosamt, men seriøst. To trommeslagarar med store øyrer som får fram det beste i kvarandre og som framleis kan leika. Kresten Osgood er etterkvart blitt bergensvenn med sitt virtuose trommespel og utradisjonelle tilnærming til kva ein konsert kan vera. Øyvind Skarbø er godt etablert i byen med band som Hordaland 80 og BMX, så vel som sin eigen konsertserie Øyvind Jazzforum.
Øyvind Skarbø - trommer, diverse.

Kresten Osgood - trommer, diverse.

AUDUN KLEIVE: Trommetrollmannen Kleive har i mange år vore blandt dei fremste slagverkarane i verda, sentral i band som Terje Rypdals Chasers og JøKleBa, i samarbeid med m.a. Marilyn Mazur, Sidsel Endresen og Mathias Eick, og under eige namn. Denne gongen er vi så heldige at vi får han på scena heilt for seg sjølv, med sitt nye, plateaktuelle soloprosjekt der han lar trommer og elektronikk møtast på ein ny måte.
Audun Kleive - trommer, elektronikk.

-----------------------

Alle konserter i Sardinen USF.
Billettsalg ved inngangen eller på forsalg på Billettservice.no her.
Medlemsskap i Bergen Jazzforum gir rabatterte billetter til Jazzforum og Nattjazz.
Se Bergen Jazzforum sine nettsider med oversikt over alle konserter her.

 

Opprettet: 25/2-2011

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon