USF VERFTET
Hjem > Nyheter > EKSENTRISKE OF MONTREAL TIL NATTJAZZ

EKSENTRISKE OF MONTREAL TIL NATTJAZZ

Mandag 30. mai står den eksentriske og musikalske gjengen i of Montreal på den store scena i Røkeriet under årets Nattjazz. Bandet sprang i sin tid ut frå Elephant 6-kollektivet, men er nå mest kjent for sin unike miks av indiepop, glamrock, funk og r&b.

Med hyperaktive Kevin Barnes i spissen omtales of Montreal gjerne som den perfekte krysning mellom Beach Boys og Prince. Men det er først på scenen at of Montreals fantastiske univers kjem til sin fulle rett. Konsertene kan til tider minne om eit omreisendene burlesqueteater med dansere, heimelagde kostymer og bandets underlege poplåter som det perfekte lydspor.

Det er bortimot umogleg å halda følgje med eit band som vil utforska det meste av musikken, enten det psykedelisk flørting med Queen, snev av St. Etienne eller elskovsmanifest kåtare enn Prince. Om dei i starten var opphengt i 60-talet, er dei no gått i ei meir elektronisk retning. Den kreative kloa er minst like skarp som før, med både funken og dansbarheten i god behald, samstundes som Kevin Barnes og kumpanane likevel læt organisk. of Montreal er morsom, catchy, vakker og rufsete galskap satt i system. For tida er dei i flørt med våre eigne Casiokids og dei har nettopp sloppe ein split-single saman.

www.ofmontreal.net
 
of Montreal på Spotify

Se også Nattjazz sine nettsider.

Opprettet: 28/4-2011

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon