USF VERFTET
Hjem > Program > Karisma Teaterensemble: "Portrettet av Alice Beck2 + "Ri vinden"
Teater
Scene USF

22/06/2006 kl. 19:00

Karisma

Karisma Teaterensemble: "Portrettet av Alice Beck2 + "Ri vinden"

Karisma Teaterensemble: ”Portrettet av Alise Beck” og ”Ri vinden” av Per Jan Ingebrigtsen. Kr. 150 i døren / 170 i forsalg Karisma teaterensemble presenterar dobbelproduksjonen ”Portrettet av Alise Beck” og ”Ri vinden” i denne rekkefølgja. Skodespela heng tematisk saman, men kvar av dei er avsluttande – og står på eigne bein. Publikum vil få ei sterk oppleving av å sjå dei samla. I musikkteateret ”Portrettet av Alise Beck”, møter vi den ”rocka” og ”jazzy” songaren Alise Beck, som opererar i grenselandet mellom draum og realitetar – og over grensa til det mange vil kalla galskap. Førestillinga er i tidlegare omtalar karakterisert som ”Drømmenes teater” og ”ømt, røft og sexy”. Trass i ”gammal” suksess, har forfattaren omskrive stykket så mykje at dette nærast er for ein urpremiere å rekna. I ”Ri vinden” rir hovudpersonen, Emma, vinden, rytmen og songen i eit poetisk drama med mørke undertonar. Urpremiere. I tillegg til skodespelarane deltek fire dyktige musikarar i begge førestillingane. Den kjente kunstfotografen, Øyvind Hjelmen, har premiere på utstillinga ”Ri vinden”, med tematisk utgangspunkt i skodespelet med same namn. Bileta vil verta monterte i spelelokalet. Karisma teaterensemble viste i fjor Jon Fosse-stykket ”Suzannah” på Scene USF, og fekk gode kritikkar. Sjå lenke under til kritikken i Bergens Tidende. Premiere: 21. juni 2006. Dørene opnar kl 18.00 og teaterframsyninga startar kl 19.00. begge dagar. Det vert ein pause på ca 20 minuttar mellom førestillingane.

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement.
Rullestolbrukere har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til Sardinen USF og Kafé Kippers.
USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon