USF VERFTET
Hjem > Program > "Halvveis Til Haugesund", regi: Harald Østgaard Lund
Film
Cinemateket USF

25/06/2006 kl. 19:00

Cinemateket USF

"Halvveis Til Haugesund", regi: Harald Østgaard Lund

Den ambisiøse, men ikkje heilt suksessrike orgelfuzzrockaren Otto får ein dag telefon om spelejobb i Haugesund. Haugesund er jo berre ein stopp på veg til junaiten, så Otto betalar sin Opel Diplomat årgang 69 ut av stampen og legg i veg. I Telemark plukkar han opp slektsgranskaren Farida, som klarar å overtyde han om at Haukelifjell er stengt for gjennomkøyring. Slik får ho skyss dit ho vil, men Otto mister vegen ein gong for alle. Det som skulle verte ei rask gjennomkøyring vert forkludra då ein lokal Amcar-klubb fattar interesse for motoren som skjuler seg under panseret på bilen hans: ein autentisk Chevrolet V8-motor. I Halvveis til Haugesund bevitnar me eit underhaldande og ikkje så lite realistisk kulturkræsj mellom by og bygd. Gutta i Eagle Car Club demonstrerer korleis ein skal få tida til å gå i grisgrendte strok, med endelaus cruising i bilane sine. Der Otto fokuserar på eit mål som han ikkje når, har Amcar-entusiastane ei heilt anna instilling, nemleg at livet må nytas undervegs. Regissør Østgaard Lund finansierte produksjonen ved å vinne ei konkurranse utlyst av Styringsgruppen for KULT-formidling ved å leggje fram eit filmprosjekt inspirert av antropologisk forskning rundt amcar-miljøet i Trondheim. Resultatet har vorte ein kultfilm om ein biltur som aldri tek slutt. Ingerid Jordal

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement.
Rullestolbrukere har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til Sardinen USF og Kafé Kippers.
USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon