USF VERFTET
Hjem > Program > Tin Pan Aliens
Musikk
Sardinen USF

06/10/2006 kl. 21:00

Bergen Jazzforum

Tin Pan Aliens

Med denne dansk-usanske trioen har Tin Pan Aliens funne den perfekte blandinga av kollektivt samarbeid og virtuost solospel. Saksofonisten Hans Ulrik har ein katalog med åtte soloplater og har mellom anna spelt inn plate med John Scofield, John Abercrombie og Gary Peacock. Han kvir seg ikkje for å bruka uvanlege teknikkar slik som overtonespeling og fleire horn samstundes, likevel blir han rekna som ein saksofonist som økonomiserar med antal toner. Jonas Johansen kler godt den skandinaviske trommetradisjonen innanfor jazzen som ikkje berre krever evne til å få ein låt til å svinga, men må også kunna manøvrera harmonisk og kontrapunktisk. Steve Swallow er ein av dei mest karakteristiske bassistane i jazzverda og er vel mest kjend for samarbeid med Carla Bley. Med hollowbody el-bass spelt med plekter har han gjeve instrumentet ei røyst som lar seg høyra både med akkordar, soloer og tradisjonelt basspel. Gjerne samstundes...

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement.
Rullestolbrukere har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til Sardinen USF og Kafé Kippers.
USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon