USF VERFTET
Hjem>Virksomheter>Brautaset, Inger-Johanne. Billedvev, grafikk, papir

Brautaset, Inger-Johanne. Billedvev, grafikk, papir

Lager bilder, objekter og installasjoner i forskjellige teknikker: håndlaget papir, tegning og grafikk, billedvev og stein.

Daglig leder: Inger J. Brautaset
Telefonnummer: 55 90 09 71 / 55 90 26 59 / 90 96 23 39
Fax: 55 90 09 71
Beliggenhet: Rom 229
Kategori: Kunstnere og kunsthåndverkere
E-post: inger.johanne@brautaset.no
Webadresse: http://www.bgnett.no/~ijb

Mini-intervju med Inger-Johanne Brautaset fra USF-nytt nr 8, oktober 2003

\\"Eg kallar dei TID alle saman. Du skrapar deg gjennom lag på lag og kjem ned i andre lag”, seier Inger Johanne Brautaset.
Ho er ein av kunstnarane som held til på USF, og snakkar om arbeida sine, blant anna dei som er utstillde i kaféen.
Med høgrehanda si lagar ho mystiske linjer av akrylfargar som av ein eller annan grunn slynger seg inn og ut av rammene, andre gongar
turar rett fram. Ho målar på handlaga papir, som ho så legg eit lag nytt papir oppå. Medan papirmassa er våt, flyttar ho på den og dannar
striper. “Fleire lag oppå kvarandre”, utdjupar ho, ”og så er der noko under som på eit vis er litt skjult, som kjem fram. Det har med
interessen eg har for fortidsminne. Ein skrapar seg nedover, ser brokker av det som er under, og av og til ser du noko som er dulgt, som du
ikkje riktig veit kva er.” Noko av det som inspirerer ho er musikk, som ho meiner kan sporast i bileta. ”Desse linjene i bileta i kafeen, det
er musikk i dei, det er klangaktig, føler eg sjølv”, seier Brautaset.
Ho jobbar no fram mot ei utstilling på Nordlysfestivalen i Tromsø i slutten av januar. “Ein prøver å gå i djupet av seg sjølv og grave og
grave og jobbe på overtid, på ein måte, jobbar nesten kontinuerleg, lange dagar, glir inn i seg sjølv og over i noko anna, kjem kanskje inn i
ein trøyttheitsperiode, men går vidare, og så kjem det ting ein ikkje hadde forventa. Ein er berre nøydd til å vere uthalden.”

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon