USF VERFTET
Hjem > Nyheter > RAPPORT FRA NEW YORK

RAPPORT FRA NEW YORK

"Tida berre går og går, og ein kjem ut på gata i halvmørket, nærmast svimeslått". Arne Ingvaldsen er visuell kunstner og har for tiden opphold i New York gjennom USF og Bergen kommunes gjestekunstnerordning. Her skriver han om sine inntrykk fra kunstmetropolen.

Herleg å ha landa i Brooklyn!

Og denne gongen blir det ikkje skyskraperar opp og i mente, som sist. Men det har vore å beinfly Manhattan dei første vekene og suge inn alt som er, i gater, privatgalleri og i dei store musea. Takk den store byen for rastersystemet, som gjer det mulig å navigere!

Juvelane i krona så langt er MoMA og Brooklyn Museum, men Gud veit kva som kjem...når Richard Serra, Frank Stella og Brice Marden står side om side på MoMA, er i alle fall eg langt oppe. Den europeiske avdelinga hadde eg tenkt å sette i ein parentes , men nei - alt som her er frå 1900-talet, frå øverste hylle! Tida berre går og går, og ein kjem ut på gata i halvmørket, nærmast svimeslått. Kvar er næraste subway - åja, der.

Kunne det bli betre? Kanskje det, i Brooklyn! Museet der er ufatteleg rikt, eg når berre over samtidskunsten. Utstilling over Lucy Lippards samling av konseptkunstnarar frå 60- og 70-talet er strålande, renskar tankane og får ein til å sjå dei opprinnelege verdiane i ei retning som sidan 90-talet meir og meir framstår som kunst for høgare skylag. Her er dei konkrete fenomena tilbake (Serra, André, Hay). Men også dei abstrakte konsepta som verkeleg ønsker å tyne konsepta våre (Bochner, Lewitt, Kosuth). Charlotte Posenenske dukkar opp, på begge plan.

Museet har ei kraftig afro/ feministisk dreiing, som passar godt i nabolaget. Mickalene Thomas maler nydelege svarte damer med perler, glitter og stas, rigga på komposisjonsskjelett frå fransk impresjonisme (ingen der blir betre enn Monet, og det oppdaga også ho), men komponerer elles som Johann Strauss- altså inga utdjuping, berre alltid eit nytt tema - og det blir jo gøy då, ei stund. Må elles med skam melde at eg ikkje visste om «The Dinner Party», Judy Chicagos strålande installasjon frå 1979, eit verk med nesten lammande tyngde. Reis og sjå!

Mot kvelden kjem det sigande mengder av folk, for å gå på konsert eller høyre foredrag, sjå film, diskutere. Og det er ikkje berre den kvite middelklassen, slik det meir synes å vere på MoMA. Monumental offentlegheit! Var det noko tilsvarande i Athen under Perikles?

Guggenheim har åpna for Picasso i svart/kvitt heile spiralen opp. Den sparer eg til litt seinare. Prøver i staden å kjøpe den avisa som for meg er verdas beste, Le Monde. Men nei, finst ikkje (ja, den er jo på mobiltelefonen, men...) , berre engelsk- og spanskspråklege trykksaker her. Til slutt finn eg den i ein bortgøymt krok på Grand Central! Og den melder at det nå er åpna ei stor Hopper-utstilling i Grand Palais. Altså fransk her og amerikansk der. Veit ikkje riktig kor eg helst ville vere (eg veit godt kor Karen Vasstrand ville reist), men eg er jo her, så det blir vel Picasso ein av dagane. Han er ein vital bestefar for alle oss som er meir interessert i fenomen enn påstandar.
Whitney skuffar igjen, med tung, deprimerande arkitektur, sure vakter (sant nok utan pistolar), fotoforbud og gørrkjedeleg minimalisme (jo, det finst!) og aldersstegen symbolisme (mild advarsel her vere sendt).

Men kva med undergrunnen? Akkurat den kan andre generasjonar ta seg av, synes eg. Den finst i alle fall ikkje i Chelsea, i (bokstaveleg talt) gater opp og gater ned med privatgalleri som mønstrar utstillingsrom betre enn dei beste offentlege der heime. Ultraperfekt datakunst side om side med svære, påkosta installasjonar (Hirschhorn, Drew) - kanhende meir imponerande enn interessant. Feministisk kunst er det ein del av (Pat Andrea si utstilling er ikonisk), og så litt ironisk politisk kunst. Ein tankevekkande skulptur av Tony Smith, ein annan bestefar som det kunne seiast mykje om.

Denne søndagen (14. okt.) arrangerte ICI (Independent Curators International) ein samtale mellom forfattaren Terry Smith og kurator Carolyn Christov-Bakhargiev (Documenta), om temaet moderne kuratering, og det samla ein handfull interesserte i det elles litt triste New Museum of CA. Båe var samde om at begrepet «contemporary» ikkje lenger er 1900-talets begrep, ettersom samtida i dag er ein komplisert struktur av levemåtar i svært forskjellige kontekstar. Enige også om at framveksten av kuratorprofesjonen dei siste 20 år heng i hop med «the infrastructure» - alle internasjonale utstillingar, biennalar etc. som har kome opp. (Alt dette er vel kjent, berre ved å slå opp i boka til Hans Obrist.) Men Christov-Bakhargiev nektar interessant nok å kalle seg kurator (ser seg heller som «director»), og mislikte sterkt snakket om profesjonelle kuratorar, med mindre det dreiar seg om tradisjonell connoisseur-kunnskap. Ho understreka sterkt kravet om utstillingsleiarens kunnskap til alle slags material, prosessar og teknikkar. «Matter matters!». Langt på veg var begge også samde om at kurator/direktør-arbeid kan sjåast på som kunstnarleg arbeid, i slekt med 60-talets konseptkunstnarar. Documenta-direktøren insisterte for øvrig hardnakka på utvida bruk av høgre hjernehalvdel, og flagga ein intuitiv stil.
Det var opplysande å høyre kva toppsjiktet i kuratorkorpset hadde å melde denne søndagen, det meste høyrtest fornuftig ut. Men skalaen var stor, perspektivet globalt, nivået høgt. Heilt andre spørsmål kan melde seg når ein kjem ned på sersjantnivået. For kunstnarane ligg det til rette for nye avhengigheitsforhold der interessemotsetningane enno ikkje er gjort politisk bevisst.

I mellomtida går verda vidare. Eg gler meg til å dra ut til Storm King Centre og sjå installasjonane der, og til Dia Beacon, då.

Her på PointB losjerer (lodgers, ja) det 8-10 kunstnarar frå heile kloden. Det har vore bli-kjent party, individuelle presentasjonar, og med tilsette Fatima som blid og oppmerksom vert. Trivselen steig også betrakteleg etter at ateliera vart fysisk oppvarma. («La Bohème - betre på scena enn i røynda.»)

Alle mine planar om å produsere viktige ting i tida her har blitt justert ein smule ned. Eg innser at tidsrommet på 6 veker er alt for langt til å vere berre turist, og alt for kort til å gå i djupnene. Så det mest fornuftige har vore å gå i byen i eige tempo og leite etter noko eg veit eg er interessert i, og når eg så oppdagar det, bruker eg kamera eller blyant. Om kvelden kan denne barfotskriblinga omdannast til meir tydelege ideskisser.

Mange impulsar kryssar kvarandre her, somme er bekreftande, somme benektande, og atter andre kjem med digre spørsmålsteikn bak. Men takk til residency-givar, Bergen kommune og USF!
Arne Ingvaldsen

Bildet under: Judy Chicago: "The Dinner Party"

 

Opprettet: 31/10-2012

USF Verftet - Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN - Tel: (+47) 55 30 74 10 Web: Kyber Kommunikasjon